
Syng med det nebbet du har: Her er ein knølkval oppe i vasskorpa og angrip ungsild i det sørlege Barentshavet. Fotograf: Matteo Bernasconi / Havforskningsinstituttet
Syng med det nebbet du har: Her er ein knølkval oppe i vasskorpa og angrip ungsild i det sørlege Barentshavet. Fotograf: Matteo Bernasconi / Havforskningsinstituttet
– Det har lenge vore ei etablert sanning at knølkvalane berre syng mens dei er i sørlege strøk og parar seg, men ein oppdagar meir og meir at det skjer også utanfor paringstida og i andre område. Her dokumenterer vi dette også langs norskekysten, seier Saskia Martin.
Masterstudenten ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) har nyleg fått publisert studien som skildrar dei unike opptaka i tidsskriftet Frontiers in Marine Science.